Hopp til innhaldet
Hyen Fisk AS
Nordfjord Laks AS

Nordfjord Laks AS

Matfiskproduksjon i fjordane våre

Nordfjord Laks AS produserer laks og regnbogeaure i sjø. Selskapet forvaltar to konsesjonar, med lokalitetar i Hyefjorden og Nordfjorden.

Merdar i fjorden, med snødekte fjell

«Sunn fisk frå eit sunt miljø gjev sunn mat»

Visjonen til Nordfjord Laks
Fôrflåte ved anlegget til Nordfjord Laks

01

Fisken

Fisk er dyr som må få dekt sine eigne behov før våre. Vi ønskjer at fisken skal ha det best mogleg og kunne velje sitt eige miljø, slik at han får god tilpassingsevne, helse og kvalitet.

Derfor tilset og utviklar vi lokalkjende og erfarne folk med utdanning, kurs og interesse for dyr. Både laks og regnbogeaure blir følgde opp dagleg.

Merdanlegget til Nordfjord Laks i stille vatn

02

Fjorden

Plasseringa langt inne i fjorden gjev store miljøskilnader i dei 40 meter djupe merdane. Fisken kan finne sjøvatn eller ferskvatn, låg eller høgare temperatur, mykje eller lite lys og straum – alt etter kva han likar gjennom året.

Settefiskproduksjonen på Sande Settefisk blir planlagd etter årssyklusane i fjorden. Med god planlegging kan fisken stå kortare tid i sjøen, og saman med rett fôring gjev det mindre belastning på fjorden.

Utsikt over fjorden gjennom furugreiner

03

Lokalt eigarskap

Nordfjord Laks AS vart til 1. januar 2011, då Hyen Laks AS og Nordfjord Havbruk AS vart slått saman. Hyen Fisk AS er største aksjonær, og selskapet er heilt lokaleigd.

Nordfjord Laks er medlem av Salmon Group, og vart GlobalG.A.P-sertifisert i 2024.

Lokalitetane våre

Dei to konsesjonane blir nytta til både laks og regnbogeaure.

  • KleppenesHyefjorden
  • LindenesHyefjorden
  • HaneholmenNordfjorden
  • Hundvika AustNordfjorden
Lokaliteten Kleppenes i Hyefjorden
Lokaliteten Kleppenes i Hyefjorden.

Dokumentasjon

Openheitslova

Arbeidet etter openheitslova skal sikre at menneskerettar og anstendige arbeidsforhold blir tekne vare på i verdikjeda vår. Utgreiinga om aktsemdsvurderinga gjeld arbeidet som vart gjort i 2025.

Spørsmål, eller ønskje om å få dokument tilsende? Skriv til post@nordfjord-laks.no og merk e-posten med «Openheitslova».

Aktsemdsvurdering etter openheitslova (arbeid i 2025)

Fôrflåte og bøyer ved anlegget

Kontakt Nordfjord Laks