
01
Klekkeri
Rogna blir lagd inn og klekt under kontrollerte forhold. Hyen Fisk leverer framleis yngel av laks til Sande Settefisk AS.
Hyen Fisk AS
Hyen Fisk AS vart skipa i 1986 og produserer settefisk til oppdrettsnæringa. Anlegget ligg i bygda Hyen i Gloppen kommune. Tidlegare produserte vi både laks og regnbogeaure, men sidan 2013 har vi spesialisert oss på regnbogeaure.


01
Rogna blir lagd inn og klekt under kontrollerte forhold. Hyen Fisk leverer framleis yngel av laks til Sande Settefisk AS.

02
I startfôringsavdelinga lærer yngelen å ete. Lysrøyra her og i veksthallen er bytte ut med LED-lys, som gjev betre lys og brukar mindre energi.

03
I veksthallen veks fisken vidare i store kar til han er klar for sjø. Heile anlegget har vore bygt under tak sidan starten.
Praktisk utvikling
Frå starten vart fôringsautomatar og det meste av utstyret laga av folk i bygda. Den kulturen lever vidare.
Dei siste åra har vi investert i auka kapasitet på CO₂-lufting og meir karvolum. CO₂-luftarane er sjølvproduserte og har senka CO₂-nivået i avlaupet frå kara monaleg.
Vi har òg skifta til LED-lys i startfôringa og veksthallen, og kjøpt inn nytt fôrsystem i veksthallen.
Investeringane i CO₂-lufting, lys og karvolum er omtala som gjennomførte i 2015.

