Hopp til innhaldet
Hyen Fisk AS

Historikk

Kunnskapen kom frå elva

Lenge før det vart drive oppdrett i Hyen, arbeidde elveigarane med å ta vare på laksen og sjøauren i Gjengedalsvassdraget. Det var i det arbeidet kunnskapen og ideane til Hyen Fisk vaks fram.

Kultiveringsarbeidet er ei lokal forhistorie. Selskapa vart skipa frå 1986.

Om lag 100 år tilbake

Villfisken og lakseelva

Laks- og sjøaurefiske har alltid hatt ein viktig plass for gardane med fiskerettar i bygda. Her finst to gode laksevassdrag: Gjengedalsvassdraget – kjend som Aaelva og Ommedalselva – og Hopselva.

I Gjengedalsvassdraget har det i snart hundre år vore drive kultiveringsarbeid, først frå eit lite klekkeri på Aa. Rogn frå stamfisk i vassdraget vart klekt om våren og sett ut i elva som plommesekkyngel.

Teikning: stryking av rogn frå stamfisk
Teikning frå den opphavlege historikksida: stryking av rogn.

1980

Nytt klekkeri i Ommedal

Elveigarane på Aa og i Ommedal gjekk saman og bygde eit nytt klekkeri med Ommedals-Tverrelva som vasskjelde. Hausten 1980 stod det ferdig. Anders og Anton Aa og Rasmus Ommedal fekk ansvaret for det praktiske arbeidet.

I 1983 bygde dei tre, for eigen kostnad, ei settefiskavdeling ved klekkeriet. Dei eksperimenterte òg med eit heimelaga resirkuleringsanlegg med oppvarming, lufting, sedimentering, UV-handsaming og varmegjenvinning.

Les meir om merkeforsøka og stamfiskanlegget

I 1984 kom eit stamfiskanlegg inst i Hyefjorden, for å fôre fram stamfisk av elvestammen. Same år vart 4500 smolt overført frå klekkeriet til fire små merdar.

Saman med Norsk institutt for naturforsking vart det sett i gang merkeforsøk på sjøaure. Gjenfangsten på den første årgangen var heile 75 prosent, og materialet vart etter kvart det største i landet i sitt slag. Det vart òg gjort forsøk med Carlin-merking av laksesmolt i samarbeid med NINA og Universitetet i Stavanger.

Hausten 1985 vart det gjennomført eit forsøk med fisk sleppt utfor Rongkleivfossen, for å finne ut korleis smolt greier vandringa ned høge fossar. Forsøket vart gjort saman med Fylkesmannen.

Stamfiskanlegget vart kortvarig. Våren 1987 vart det påvist BKD, og fisken måtte slaktast ned. Dei største fiskane var då 23 kilo.

Teikning: rogn og plommesekkyngel
Teikning frå den opphavlege historikksida: rogn og yngel.

1986

Hyen Fisk AS blir skipa

Søknaden om settefiskanlegg vart send i april 1985. Den 12. juni 1986 fekk Hyen Fisk AS konsesjon på ein halv million smolt i Åreneset i Hyen, seinare utvida til 800 000.

Selskapet vart skipa 21. mai 1986 av sju lokale aksjonærar. Rasmus Ommedal teikna og prosjekterte anlegget, og saman med Anders Aa og Kurt Djupvik la han ned ein stor eigeninnsats. Fôringsautomatar og det meste av utstyret vart sjølvprodusert.

Heile anlegget vart bygt under tak, som eit av svært få i landet. Det vart teke i bruk sommaren 1987.

Same periode vart Hyen Laks AS skipa, og matfiskanlegget på Kleppenes i Hyefjorden kom i drift sommaren 1987.

Anlegget til Hyen Fisk ved fjorden i Hyen, sett frå sjøen
Anlegget i Hyen ved fjorden.

1993

Sande Settefisk blir ein del av verksemda

Anlegget på Rygg vart bygt frå 1985 med vatn frå Ryggelva. Etter ein tøff start med sjukdom og konkurs kjøpte Hyen Fisk AS Sande Settefisk AS 1. januar 1993.

Les meir om utviklinga på Sande

Etter kjøpet vart det bygt nytt UV-tårn for desinfeksjon av inntaksvatnet. Midt på 1990-talet var Sande eit av dei første settefiskanlegga i Noreg som nytta ozon til desinfeksjon av råvatn.

I 2003 fekk Sande løyve til å produsere 1 million fisk. I 2005 kom ein stor hall over kara på uteområdet, og mellom 2012 og 2014 vart dei siste kara òg sette under tak. Same periode vart det installert CO₂-luftarar på alle vekstkara.

I 2019 fekk Sande ny eigarstruktur med Svanøy Havbruk AS, Hyen Fisk AS og Nordfjord Laks AS.

Hall med gjennomstrøymingskar og gangbru hos Sande Settefisk
Hall med kar hos Sande Settefisk.

2011

Nordfjord Laks AS blir etablert

Frå 1. januar 2011 vart Hyen Laks AS og Nordfjord Havbruk AS slått saman til Nordfjord Laks AS. Med det vart matfiskproduksjonen samla i Gloppen kommune.

Fusjonen kravde ein ny lokalitet, og Haneholmen i Nordfjorden vart etablert i tillegg til dei to opphavlege lokalitetane i Hyefjorden.

Lokaliteten Kleppenes om vinteren
Kleppenes i Hyefjorden.

2013

Spesialisering i regnbogeaure

Fram til 2013 produserte Hyen Fisk både laks og regnbogeaure. Sidan har selskapet satsa berre på regnbogeaure, medan det framleis leverer lakseyngel til Sande Settefisk.

Same år vart Hyen Fisk GlobalG.A.P-sertifisert.

Regnbogeaure i håv over karet
Regnbogeaure hos Hyen Fisk.